Korleis bli medlem i Rotary
Det er ikkje mogeleg å melda seg inn i ein klubb, men det er absolutt mogeleg å ta kontakt med ein klubb og melda si interesse. Er du interessert i å vita meir om Voss Rotary Klubb så klikkar du på menyvalet "KONTAKT OSS" og skriv litt om deg sjølv. Du blir så kontakta av ein av medlemane i klubben.
Rotary er eit lokalt og internasjonalt nettverk med spanande mogelegheiter for aktive yrkesutøvarar, leiarar og ressurspersonar som ynskjer å utvikla sin yrkesmessige kompetanse og bruka sine ressursar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Rotary er samansett av engasjerte og motiverte kvinner og menn, som har høg etisk standard som mål. Rotary er ein unik verdsomspennende organisasjon som gjev mogelegheiter for menneskeleg og fagleg utvikling på tvers av all grenser.
MOTTO: "Service above self- Å gagne andre"