Rotary-rørsla er internasjonal og starta i USA. Charterbrevet
til Voss Rotaryklubb fortel at klubben på Voss vart chartra 18. april 1955, og
det var Bergen Rotaryklubb som var fadderklubb. Det var den 10. klubben i
distrikt 2250 og hadde 22 medlemmer. Den første presidenten var overlækjar Rolf
Ringdal. Men allereie 6. januar 1955 vart
det første møtet halde med 16 personar. Medlemstalet vaks til 71 i rotaryåret 1989/90 som er det høgaste
medlemstalet klubben har hatt. Sidan har det minka til 36 i 2017, av dei 8
kvinner. Totalt har 198 personar vore medlemer, av desse 18 kvinner. Klubben har hatt 3 æresmedlemer som
alle diverre er gått bort. Klubben har hatt 2 distriktsguvernørar, Lauritz
Myklebust (1989-90) og Astrid Kløve-Graue (2007-08). Ho var også den første
kvinnelege guvernøren iDistrikt 2250. Då klubben var 50 år, vart det laga ei jubileumsbok
på 140 sider som fortel soga til klubben og Voss Inner Wheel, og noko om
næringslivet på Voss. Klubben har i alle år vektlagt klubbarbeidet, med
gode og interessante møte, både med eksterne og eigne foredragshaldarar for å
fanga opp kva som rører seg i nærmiljøet og i den store verda. Bedriftsvitjingar
har vore ein god måte for å læra bygda å kjenna. Hjelpe- og støttearbeid både i eige nærmiljø og
internasjonalt har gjennom alle år stått sentralt. Det ligg i Rotaryåndasidan det er ein internasjonal klubb. Klubben
har i dei siste 30 åra ved ulike arrangement samla inn og gjeve om lag 1,1
mill. kroner til lokale- og internasjonale formål. Nærområdet: Økonomisk
stønad til innkjøp av alarmtelefonar, spesialmadrasser til
sjukehuset og mindre summar til ymse lag og organisasjonar. Innlesing av lokalavisa
«Hordaland» på kassett til blinde og svaksynte, trykking av songhefte med stor
skrift. Kjøpt flygel til Voss kyrkje. Yrkesrettleiing til elevar i vidaregåande- og grunnskule. Kunstnarstipend er utdelt til 16 ungdomar i ulike greiner. Midlane vart skaffa til
vege frå julekonsertar i Voss kyrkje
som klubben hadde i mange år på 1990-talet og tidleg 2000. I mange år tok medlemene dei eldre på gamleheimane
med på biltur. No har klubben fast vitjing på dei 3 alders- og omsorgsinstitusjonane i bygda kvar vår med kaker, litt
underhaldning og song/musikk. I melsdagane vitjar me Sjukeheimen med same
programmet. Voss Rotaryklubb skipa til Miljødagane med mange arrangement med fokus på miljø ogunderhaldning som «Gå i Vangsen»i åra 1991 til 1995. Dei mange og gode «Gjenkjøpsmarknaden»med sal av diverse innsamla gjenstandar gav
gode inntekter som vart nytta til humanitære formål. Det siste i 2017 var «Grindbygg-lotteriet» der noko av overskotet vart brukt som stønad
til bygging av nytt Badeanlegg. Rotaryåret 2006-07 delte klubben ut eit «Etablerarstipend» på kr 50 000. «Vegvisaren
for Voss kommune» var ei bok klubben gav ut 2 gonger, 1996 og 2000.
Den gav ei samla oversikt over ulike tilbod i kommunen, frivillige lag og
organisasjonar og over kommunale og statlege organ og organisasjonar på Voss. Boka «Minnesmerke,
skulpturar og relieff i Voss kommune» vart ein suksess.
Klubben har hatt
fleire deltakarar på RYLA som er ei
helgesamling for unge leiarar. Ein vossing har fått Georgia-stipend som er eit årsstudium i USA. Totalt har klubben sendt ut9 ungdomar på Ungdomsutveksling, 4 til USA og 5 til Australia. Dvs. at me har
vore vertskap for 9 ungdomar 1 år frå dei same landa. 10 ungdomar frå Voss har
vore med på ungdomsleirar i andre land. Og 4 har vore med som deltakar i GSE-team. Internasjonalt: Voss Rotaryklubb har delteke i mange internasjonale
hjelpeprogram. Madagaskar-prosjektet: Starta 1989. Her deltok klubben med økonomisk stønad til bygging av
små hus til pasientane ved eit leprasjukehus, og innkjøp av jordeigedomar m.m.
Gav stønad til jordbruksutdanning for ein lærar slik at pasientane fekk
opplæring i dyrking av jorda. Klubben samla inn kr 81 000 (Miljødagar og
første julekonsert). Saman med tilskot frå RI vart ein sjekk på kr 106 740
gjeve til prosjektet. Litauen-prosjektet: Hjelp for å betra livsvilkåra for menneska i Litauen, og spesielt dei
som hadde vorte utsette for strålingsskader etter Tsjernobyl-ulykka. Voss RK.
tok på seg å organisera ei innsamling, og vende seg til om lag 300 klubbar i
Noreg, 47 klubbar vart med. Totalt vart det samla inn kr 92 255, og med
tilskot frå RI vart beløpet kr 186 000 brukt til innkjøp av medisinsk
utstyr til eit sjukehus i Vilnius. Sidan utstyret vart innkjøpt i Litauen fekk
dei mykje for pengane.
Polio
Plus: Her deltok Voss RK. i det verdsomfattande
hjelpeprogrammet. Den 1. juni 1988 kunne klubben gje ein sjekk på kr
108 698 til formannen i landskomiteen, Alf R. Bjerke. Klubben sitt eige
bidrag var på kr 58 000. Resten var gåver frå næringslivet og andre
organisasjonar. Vår klubb var den som gav mest i vårt distrikt, og i landet var
det berre Oslo RK. som samla inn meir.
Ghana-prosjektet: Saman med Dale RK er vi med på eit prosjekt som gjev stønad til
utdanning for born/ungdom i Ghana. Nigeria: Her har klubben gjeve stønad til utdanning og utstyr saman med Odda RK.
Frøydis Syslak har vore med på poliovaksinering. I dei seinare åra har klubben også støtta andre
hjelpeprogram ved å kjøpa Shelterboksar,
og stønad til Polio Plus.
Round
Trip: 4 gonger har klubben vore vertskap for grupper med
ungdom, og i alt 74ungdomar har vore
våre gjester på Voss.
GSE og
SVE: 15 grupper har gjesta Voss under dette programmet.
Deltakarane har kome frå fleire land: USA, Australia, India, Brasil, Zimbabwe,
Tyrkia og Nigeria.
Voss, 30. oktober 2017.
Denne websiden bruker informasjonskapsler
Denne websiden bruker informasjonskaplser for å kunne tilby deg en bedre brukertilpasset opplevelse.