Besøk til Stalheim Hotel
-Voss Rotaryklubb på besøk på Stalheim Hotel, 20. mai 2026.
Referent: Terje Høyland, sekretær i Voss Rotaryklubb
Vert og omvisning: Trygve Dugstad, tidlegare direktør ved hotellet.
Stattholder Hannibal Schested oppretta i 1647 den første postruta i riket mellom København og Bergen, og med jamne mellomrom vart garder langs ruta utvalde som postgardar der det var hestebyte og når posten kome skulle postbonden stå klar med utkvild hest til neste etappe. Stalheim vart ein slik postgard og Vinje var neste postgard. Med postgardane kom etterkvart behov for skysstasjonar med overnatting og tilbod om mat og drikke.
Landskapsmålarane kom til Stalheim allereie frå 1818, men mest kjent er J.C. Dahl sitt maleri «Fraa Stalheim» frå 1842 og som er utstikt på Nasjonalgalleriet i Oslo. Keisar Wilhelm var på Stalheim 13-14 somrar på rad frå 1886, og 1897 vart ein minnestein til minne om keisarbesøket sett opp på utsiktspunktet som deretter vart kalla «Wilhelmshøi».
Ca 1750 kom det gjestgivarstove og grunnlaget for turisme var lagt. Norge vart sjølvstendig i 1814 og for å bygge opp nasjonalfølelse i åra etter 1814 vart landskapsmålarar viktige for å skildra den flotte og ville norske naturen. Utover på 1800-talet kom mellom 20 og 30 av våre mest landskapsmålar til Stalheim for å skildra den storslagne naturen med Jordalsnuten og utsikta over Nærøydalen frå Stalheim. Bileta var svært populære i Europa, og vart god reklame for den nye nasjonen Norge. Frå ca. 1870 kom også fotografane, og talrike foto frå Stalheim fin ein i dag på nettet. Både diktarar og komponistar, her kan nemna både Edvard Grieg og Per Sivle.
Grunnlaget for turisme var lagt og i 1885 opna hotelleigar Andersen, som i nokre år før hadde drive «Jernbanehotellet» som sto rett utanfor Fleischers Hotel, det første hotellet på Stalheim med 15 små rom, I 1887 kjøpte svensken Albert Patterson Stalheim og driftige Patterson utvida hotellet, hotellet fekk eige elektrisitetsverk alt i 1892 og alt i 1895 hadde hotellet plass til 150 gjester og vart kjent i Europa for sin høge standard og flotte natur og utsikt.
I 1898 overtok så tyskaren Chris Dinger som direktør. Men i februar 1900 brann hotellet ned for første gong, men Dinger gav ikkje opp og i 1902 opna nytt hotell med 190 senger og hotellet var blant dei mest moderne hotell i Europa. Men alt i november 1902 brann hotellet ned til grunnen for andre gong.
Då vart Andersens gamle hotell, Jernbanehotellet, demontert og flytta til Stalheim. Dette hotellet opna sommaren 1903.
Frå slutten av 1800 byrja dei første flytande hotella, i dag kalla cruiseskip, å koma inn til Gudvangen, og for gjestene om bord vart tur til Stalheim svært populært, og skyssing med hest og stolkjerre vart ei svært viktig inntektskjelde for bøndene på Stronda. På travle dagar kunne det vera mellom 200 og 300 hestar involvert i skyssinga.
Norsk Hotelkompani, Norges første hotellkjede, som eigde hotell på Geilo, Haugastøl og Vatnahalsen, kjøpte Stalheim Hotell i 1915, og Fleischers Hotel 1916. I 1924 kjøpte overretts-sakførar Kristian Tønneberg Stalheim, og 1932 vart sonen Kaare Tønneberg tilsett som direktør. Tønneberg satsa på vinterdrift på Stalheim og hotellet fekk eige skitrekk i 1938. Verdsmeisterskapet i slalåm og utfor vart lagt til Stalheim i 1940, men på grunna krigen var dette naturleg nok ikkje noko av .
På 1920-30 talet var det forbode å servere alkohol i Vossestrand kommune så det var vanskeleg tid for hotella på Vossestrand (Stalheim Hotel og Vinje Hotell) .
Stalheim Hotel brann for 3. gong i juni1959 og 24 hotellgjester omkom.
Nytt hotell opna i juni 1960 med 124 rom med plass 220 gjester og spisesal til 350-400 gjester.
Etter ein interessant forteljing om Stalheim si historie gjekk me opp i museet som er svært imponerande. Først var me inn i skulestova frå Leidal og fleire i følje hadde hatt foreldre som hadde gått i denne skulestova. Så fekk me omvising i utstillingssalen. Her var det så mykje å sjå på av reiskap, bakeutstyr, bryggjeutstyr, bunader og mykje meir. Vanskeleg å forklara, det må opplevast.
Deretter var det omvising i Lekvehuset, bygd på 1720-talet, som vart flytta frå Lekve til Stalheim på tidleg 1970 talet. Tønneberg fekk tak i auksjonsprotokoll frå 1807 som viste kva inventar som hadde vore i huset på den tid. Tønneberg brukte denne auksjonsprotokollen då han møblerte huset etter restaureringa så møblane i huset er så autentisk som mogeleg.
I tillegg til Lekvehuset er det også lafta stover, eldhus, stabbur med meir, så til saman er det vel 20 store og små bygninger.