Årets Smalahovefest med besøk frå USA

Årets Smalahovefest vart arrangert 25. oktober på Tvildemoen. Dette vart ein svært hyggeleg kveld i saman med gode Rotary-venner frå klubben, men også med besøkande Rotary medlemar.
Frå USA hadde me besøk av Wayne og Karen Massing frå Rotary Club of Wenatchee, i staten Washington, USA. Frå Råde Rotaryklubb kom PDG Hans Christian Kihl og Jane Kihl og frå Bergenhus Rotaryklubb fekk me besøk av Turid Astrid Reksten. Alle desse besøkande åt smalahove for første gong og dei hadde god appetitt på hova. Åse Karin Tennebekk leia den festelege samankoma og Arne Viste trakterte trekkspelet som vanleg. Arrangementkomiteen hadde svidd og kokt hovud og gjorde som alltid ein strålande innsats.
Dagen derpå tok Odd Henry Hommedal med seg amerikanarane på Mølstertunet der Kjell Herheim heldt ei privat omvisning i 1,5 time. Deretter bar turen opp i Holbygda for å visa Mr. Massing kvar Clairmont Egtvedt kom frå. Claire (Egdetveit) var ein av grundarane av Boeing fabrikken i Seattle, der Wayne Massing har arbeidd som instruktør for piloter og flypersonell.
Dei var svært godt nøgde med smalahovekvelden og besøket på Voss.