Voss Rotaryklubb vitja "Avisa Hordaland".
Rotarymøte 18.04.2018
Program:
Omvisning i verksemda og
orientering om avisdrifta.
Vi vart mottekne av Astrid Kløve Graue,
som gjorde greie for historia til avisa frå Vossabladet til Hordaland – 1893
til i dag.
Kort fortalt: Avisa blei starta som ei Venstreavis, som motvekt til Høgre i politikken.
Dei fyrste åra blei avisa trykt i blysats,
som blei sett manuelt, med berre overskrifter i latinske bokstavar og resten av
innhaldet i gotisk skrift. Fyrst då
typane vart utsletne gjekk dei over til settemaskiner, der dei produserte
linjer og tekst som blei sett saman til avissider. Denne teknikken blei so bytt ut med digitalt
utstyr frå ca. 1975, og i dag vert avisa trykt i eit moderne offset
rotasjonstrykkeri.
Selskapet er familieeigd, med Astrid sin bestefar som grunnleggjar og seinare hennar onkel og far som redaktør og kommersiell leiar.
Astrid har vore dagleg leiar inntil dottera Ingrid tok over som konsernleiar.
Omvisning og vidare orientering blei gjort av dagleg leiar i Avisa Hordaland: Tond Syvertsen.
Han synte oss trykkepressa i full drift ( dagens produksjon 22.000 eksemplar fordelt til alle husstandar i dekningsområdet).
Deretter blei det servert kaffe og wienerbrød i kantina, medan han orienterte om utviklinga for avisa med trykk, digitalisering og korleis lesarane brukar avisa i dag.
Han gjorde også greie for korleis inntektene har forskyve seg frå annonsering som viktigaste inntektskjelda til abonnement som viktigaste.